Foredrag: Krigens største illegale avisapparat haldt til i Valdres

Arrangementsinformasjon

Velkomen til boklansering, foredrag og kommentarutstilling om illegale aviser skrive i Valdres under krigen. Valdres Folkemuseum, torsdag 13. september 2018 kl. 19.00. Sakprosaforfattar Ingeborg Solbrekken (f. 1961) gir i september ut boka «Gestapos mest ettersøkte nordmenn», forteljinga om den kommunistleia motstandsrørsla som budde i Valdres under krigen. Utstillinga blir opna av Terje Halvorsen. Han er historikar, professor emeritus, son av sjefen for den tekniske delen av kommunistenes avisapparat og var tidvis busett i Valdres under krigen. Utstillinga skal seinare skal til Norsk Hjemmefrontmuseum i Oslo.