Skarke 2019 - førjulsarrangement på Valdres Folkemuseum

Arrangementsinformasjon

Kjøp billett på førehand, unngå kø i døra...

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum fyrer vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det gjer vi for 25. år på rad. Valdres Folkemuseum, sundag 1. desember 2019 kl. 12.00-16.00. Slik legg Valdresmusea til rette for møte mellom generasjonar. 

Aktivitestar 
Bli med å lage lys, julebakst, julepynt og sopelime. Sjå demonstrasjon av tekstil- og trearbeid, rosettbakkils- og lompebakst. Høyr forteljingar, dombjøller, folkemusikk og julesongar. Opplev kanefart, tenning av juletre og tradisjonsrik vennelagsbasar. Museumskafeen held ope og serverer små og store rettar basert på lokale råvarer.

Julemarknad 
Kjøp julegåver og lokalprodusert mat på julemarknaden og oppe i museumsbutikken. Her er julebakst, rakfisk, vilt, sylte, kurv, ost, drops, treak, fugleband, sylv, keramikk, halm-, smed-, tekstil-, tre- og skinnarbeid, bøker og musikk.

Parkering
Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes.

Foto: Anne-Marte Før