Sommar på Valdres Folkemuseum

Arrangementsinformasjon

Velkommen til sommar på eit av Noregs største friluftsmuseum. Ta ein prat med tunvertane våre, høyr levande musikk og hils på dyra! Kvar dag klokka 12:00 og 14:00 tek vi ulike dykk inn i tradisjonskunnskapen. Sommarsesongen 2020 varer frå 16. juni til 30. august. Ope kl 11-16 alle dagar (stengt måndagar i juni).

TRYGT MUSEUMSBESØK: Velkomen til eit trygt museumsbesøk på eit av Noregs største friluftsmuseum! Årets sommartilbod overheld gjeldande krav til smittevern.

FRILUFTSMUSEET: Du kan vandre mellom over hundre antikvariske hus og anlegg. I sommarferien går griser, høner, sauer og kyr går i utmarksområdet. Å titte inn gjennom dørane til dei gamle husa eller ein tur langs naturstigen passer både barn og vaksne. Kan hende finn du ein formidlar med handverkskunnskap og fortjeljarevne.

UTSTILLINGAR: I utstillingane kan du mellom anna lære om nasjonalisme, kongevegen, langeleiken, bunadar og stavkyrkjer.

BUTIKK OG KAFÉ: Museumsbutikken byr på eit godt utval av lokal folkemusikk, bøker og handverksprodukt. I museumskafeen kan du få deg eit måltid eller ein kopp kaffi.